Statens vegvesen sin prosesskode og standard kontraktsbestemmingar
Dato: 21. januar kl. 09.00-13.00
Stad: Concordbygget – Firdavegen 6, Førde
Målgruppe: Kurset er retta mot alle som kalkulerer eller gjennomfører beskrivne entreprisar for Statens Vegvesen, enten som entreprenør eller underentreprenør.
Kursinnhald: Kurset går gjennom oppbygging, prinsipp og systematikk i vegvesenet si handbok R761 «Standard beskriving for vegkontraktar» eller R762 «Standard beskriving for bruer og kaier», og tek opp typiske problemstillingar ein møter ved gjennomføringa av slike kontraktar.
Under kurset vil følgjande emne bli gjennomgått:
- Prosesskoden si oppbygging og hierarki
- Underinndelingsprinsipp
- Bruk av generelle og spesielle beskrivingar
- Typiske døme frå praksis
- Kva om det manglar prosessar?
- Forholdet til NS 8406, inkludert forholdet mellom beskrivingar og teikningar, handtering av usamhøve mv.
- Typiske spørsmål knytt til SVV sine spesielle kontraktsbestemmingar
Kurset vil bli lagt opp med førelesingar og praktiske oppgåver
Kurshaldar: Samuel Skrunes, advokat og partnar ved CMS Kluges kontor i Bergen. Han har lang erfaring med rådgjeving og tvistehandtering i entreprisekontraktar og er mellom anna tilrådd av Legal 500 som rådgjevar innan entrepriserett.
Pris inkl. lunsj: kr 3990,- for medlemmer av EBA/BNL/BYGGOPP, kr 7990,- for andre
Påmeldingsfrist: 14. januar
Påmelding til: Via hjemmesiden vår, se www.ebavest.no, eller e-post til emilie.haaland@ebav.no
Husk å inkludere: ● Bedrift ● Navn ● E-post ● Telefonnummer ● Prosjektnummer ●
Påmelding
Påmeldingsfrist: 14. Jan