Statens Vegvesen si prosesskode og standard kontraktsbestemmingar

Statens Vegvesen si prosesskode og standard kontraktsbestemmingar

DATO & TID

19. Mar 2024, kl. 09:00 - 15:30

STED

Scandic Sunnfjord

Målgruppe:

Kurset er retta mot alle som kalkulerer eller gjennomfører beskrivne entreprisar for Statens Vegvesen, enten som entreprenør eller underentreprenør.

Dato:   19. mars 2024 kl. 09.00-15.30

Stad:    Scandic Sunnfjord

Kursinnhald:

Kurset går gjennom oppbygging, prinsipp og systematikk i vegvesenet si handbok R761 «Standard beskriving for vegkontraktar» eller R762 «Standard beskriving for bruer og kaier», og tek opp typiske problemstillingar ein møter ved gjennomføringa av slike kontraktar.

Under kurset vil følgjande emne bli gjennomgått:

  • Prosesskoden si oppbygging og hierarki
  • Underinndelingsprinsipp
  • Bruk av generelle og spesielle beskrivingar
  • Typiske døme frå praksis
  • Kva om det manglar prosessar?
  • Forholdet til NS 8406, inkludert forholdet mellom beskrivingar og teikningar, handtering av usamhøve mv.
  • Typiske spørsmål knytt til SVV sine spesielle kontraktsbestemmingar

Kurset vil bli lagt opp med førelesingar og praktiske oppgåver

Kurshaldar er Samuel Skrunes, advokat og partnar ved CMS Kluges kontor i Bergen. Han har lang erfaring med rådgjeving og tvistehandtering i entreprisekontraktar og er mellom anna tilrådd av Legal 500 som rådgjevar innan entrepriserett.

Pris inkl. lunsj: kr 4500,- for medlemmer av EBA/BNL/BYGGOPP, kr 5500,- for andre

Påmeldingsfrist: 08. mars 2024

Påmelding: Via nettside, sjå skjema til høgre, eller e-post til torhild.holgersen@ebav.no

Husk å inkludere ● Bedrift ● Namn ● E-post ● Telefonnummer ● Prosjektnummer ● i e-posten ved påmelding!

Påmelding

Påmeldingsfrist: 08. Mar

  • Takk! Du er nå påmeldt kurset Statens Vegvesen si prosesskode og standard kontraktsbestemmingar