Overtaking, sluttoppgjer og reklamasjonar

Overtaking, sluttoppgjer og reklamasjonar

DATO & TID

17. Apr 2024, kl. 09:00 - 15:30

STED

Stord Hotell - Kjøtteinsvegen 67, Stord

Målgruppe:

Handverksbedrifter, entreprenørar, prosjektleiarar, anleggsleiarar, rådgivarar og anna prosjektstøtte som har ansvar for kontrakthandtering i entrepriseprosjekt.

 

Dato:   17. april 2024  kl. 09.00 – 15.30                    

Stad:    Stord Hotel – Kjøtteinsvegen 67, Stord

 

Kursinnhald:

Kurset gir ei praktisk innføring i standardens reglar om overtaking, sluttoppgjer og handtering av reklamasjonar. Kurset vil gå nærmare inn på følgjande emne:

  • Førebuing og gjennomføring av overtakelsesforretninga
  • Byggherrens rett til å nekte overtaking
  • Verknadane av overtaking
  • Korleis setje opp eit rett sluttoppgjer?
  • Kva innvendingar kan byggherren gjere gjeldande mot sluttoppgjeret?
  • Kva fristar gjeld for byggherre og underentreprenør?
  • Kva er ein mangel?
  • Kva er krava til ein reklamasjon, og når skal han leggjast fram?
  • Pliktar og rettar ved reklamasjonar
  • Forelding

 

Kurset tek utgangspunkt i standardkontrakt for totalentreprise NS 8407, og for totalunderentreprise NS 8417. Innhaldet i kurset er óg relevant for andre standardkontraktar. Sentrale bestemmingar i standardane blir gjennomgått i kombinasjon med praktiske døme, gruppediskusjonar og tilbakemeldingar.

 

Kursleiar er advokat Alf Johan Knag, partner og leiar for entreprisegruppa i SANDS Advokatfirma. Knag har lang erfaring som kursleiar, mellom anna ved EBA Vestenfjelske sine juridiske kurs i ei årrekkje, med svært gode tilbakemeldingar. Han har 25 års omfattande praksis med juridisk rådgiving og tvisteløysing i entrepriseprosjekt.

 

Pris:                            kr 4500,- for medlemmer av EBA/BNL/BYGGOPP, kr 5500,- for andre

Påmeldingsfrist:          05. april 2024

Påmelding:                  Via heimesida vår, sjå www.ebavest.no, eller e-post til torhild.holgersen@ebav.no

Husk å inkludere ● Bedrift ● Navn ● E-post ● Telefonnummer ● Prosjektnummer ● i e-posten ved påmelding!

Påmelding

Påmeldingsfrist: 05. Apr

  • Takk! Du er nå påmeldt kurset Overtaking, sluttoppgjer og reklamasjonar