Overtaking, sluttoppgjer og reklamasjonar
Målgruppe:
Handverksbedrifter, entreprenørar, prosjektleiarar, anleggsleiarar, rådgivarar og anna prosjektstøtte som har ansvar for kontrakthandtering i entrepriseprosjekt.
Dato: 17. april 2024 kl. 09.00 – 15.30
Stad: Stord Hotel – Kjøtteinsvegen 67, Stord
Kursinnhald:
Kurset gir ei praktisk innføring i standardens reglar om overtaking, sluttoppgjer og handtering av reklamasjonar. Kurset vil gå nærmare inn på følgjande emne:
- Førebuing og gjennomføring av overtakelsesforretninga
- Byggherrens rett til å nekte overtaking
- Verknadane av overtaking
- Korleis setje opp eit rett sluttoppgjer?
- Kva innvendingar kan byggherren gjere gjeldande mot sluttoppgjeret?
- Kva fristar gjeld for byggherre og underentreprenør?
- Kva er ein mangel?
- Kva er krava til ein reklamasjon, og når skal han leggjast fram?
- Pliktar og rettar ved reklamasjonar
- Forelding
Kurset tek utgangspunkt i standardkontrakt for totalentreprise NS 8407, og for totalunderentreprise NS 8417. Innhaldet i kurset er óg relevant for andre standardkontraktar. Sentrale bestemmingar i standardane blir gjennomgått i kombinasjon med praktiske døme, gruppediskusjonar og tilbakemeldingar.
Kursleiar er advokat Alf Johan Knag, partner og leiar for entreprisegruppa i SANDS Advokatfirma. Knag har lang erfaring som kursleiar, mellom anna ved EBA Vestenfjelske sine juridiske kurs i ei årrekkje, med svært gode tilbakemeldingar. Han har 25 års omfattande praksis med juridisk rådgiving og tvisteløysing i entrepriseprosjekt.
Pris: kr 4500,- for medlemmer av EBA/BNL/BYGGOPP, kr 5500,- for andre
Påmeldingsfrist: 05. april 2024
Påmelding: Via heimesida vår, sjå www.ebavest.no, eller e-post til torhild.holgersen@ebav.no
Husk å inkludere ● Bedrift ● Navn ● E-post ● Telefonnummer ● Prosjektnummer ● i e-posten ved påmelding!
Påmelding
Påmeldingsfrist: 05. Apr