NS 8407 – Basiskurs
Målgruppe:
Kurset er aktuelt for alle som bruker standarden i arbeidet sitt, enten dei er entreprenørar, private eller offentlege byggherrar, arkitektar, rådgivande ingeniørar eller har annan bakgrunn.
Dato: 07. og 08. desember 2023 kl. 09.00 – 15.30
Sted: Stord Hotell – Kjøtteinsvegen 67, Stord
Kursinnhald:
Kurset gir deltakarane ei grundig gjennomgang av standardkontrakten for totalentreprise.
Det er viktig å kjenne standarden godt for alle som arbeider med totalentrepriseprosjekt, både på entreprenør-, rådgivar- og byggherresida. Formålet er at deltakarane skal få grundig kjennskap til bruken av NS 8407/NS 8417, og god forståing av totalentreprise og standardens system.
Kurset tek blant anna for seg følgjande tema:
- Grunnleggjande risikofordeling mellom byggherre og totalentreprenør.
- Kva er totalentreprenøren pliktig å levere?
- Endringar, endra føresetnader og reglar om varsling.
- Vederlagsjustering og fristforlenging.
- Testing, innregulering, overtaking og prøvedrift.
- Kva reglar gjeld for tiltransport av entreprenørar og rådgjevar?
- Kva inneber totalentreprenørens opplysnings- og rettleiingsplikt?
- Kven har ansvaret for uventa forhold i byggegrunnen?
Kursleiar:
Kursleiar er advokat Alf Johan Knag, partnar og leiar for entreprisegruppa i SANDS Advokatfirma. Knag har lang erfaring som kursleiar, bl.a. ved EBA Vestenfjelske sine juridiske kurs i ei årrekke, med svært gode tilbakemeldingar. Han har 25 års omfattande praksis med juridisk rådgjeving og løysing av tvistar i entrepriseprosjekt.
Pris inkl. lunsj: kr 9000,- for medlemmer av EBA/BNL/BYGGOPP, kr 11000,- for andre.
Påmeldingsfrist: 27. november 2023
Påmelding: Via nettside eller e-post til Torhild.Holgersen@EBAV.no
● Bedrift ● Namn ● E-post ● Telefonnummer ● Prosjektnummer
Påmelding
Påmeldingsfrist: 27. Nov