Bustadoppføringslova og Håndverktjenestelova

Bustadoppføringslova og Håndverktjenestelova

DATO & TID

12. Feb 2024, kl. 09:00 - 15:30

STED

Concordbygget - Firdavegen 6, Førde

Målgruppe:
Dette kurset er retta mot deg som utfører handverkstenester, byggjer bustader og fritidsbustader for forbrukarar. Kontraktsforholdet med forbrukarar er regulert av lova, som i stor grad er ufråvikeleg. Det er difor viktig å setje seg inn i dei rammene lova set for kontraktsforholdet, kva plikter og ansvar entreprenøren har, og kva moglegheiter som ligg i lovverket.

Dato: 12. februar 2024
Sted: Concordbygget – Firdavegen 6, Førde

Målsetting: 

Etter kurset skal deltakarane føle seg trygge på hovudreglane i lova. Deltakarane skal lage rutinar for å ivareta dei formelle krava i lova når det gjeld varsel om endringar, overtaking og sluttoppgjør, slik at dei unngår å kome i ansvar. Deltakarane skal bli kjende med dei ulike byggblankettane og når desse skal brukast.

Kursinnhald:
Kurset gir ei gjennomgang av Bustadoppføringslova, Håndverktjenestelova og kontraktane som følgjer med, inkludert følgjande emner:

  • Entreprenøren sine ytingar
  • Overtaking
  • Manglar
  • Reklamasjon
  • Krav mot bakre ledd
  • Forbrukaren sine ytingar

Det er særleg fokus på kontraktane som Standard Norge har utvikla i samband med innføringa av Bustadoppføringslova.

Kursleiar er Anne-Lovise Alisøy fra SANDS Advokatfirma.


Pris inkl. lunsj: kr 4500,- for medlem av EBA/BNL/BYGGOPP, kr 5500,- for andre

Påmeldingsfrist: 02. februar 2024

Påmelding:           Via nettside, se skjema til høyre, eller e-post til torhild.holgersen@ebav.no

Husk å inkludere ● Bedrift ● Navn ● E-post ● Telefonnummer ● Prosjektnummer ● i e-posten ved påmelding!

Påmelding

Påmeldingsfrist: 02. Feb

  • Takk! Du er nå påmeldt kurset Bustadoppføringslova og Håndverktjenestelova