Bustadoppføringslova og Håndverktjenestelova
Målgruppe:
Dette kurset er retta mot deg som utfører handverkstenester, byggjer bustader og fritidsbustader for forbrukarar. Kontraktsforholdet med forbrukarar er regulert av lova, som i stor grad er ufråvikeleg. Det er difor viktig å setje seg inn i dei rammene lova set for kontraktsforholdet, kva plikter og ansvar entreprenøren har, og kva moglegheiter som ligg i lovverket.
Dato: 12. februar 2024
Sted: Concordbygget – Firdavegen 6, Førde
Målsetting:
Etter kurset skal deltakarane føle seg trygge på hovudreglane i lova. Deltakarane skal lage rutinar for å ivareta dei formelle krava i lova når det gjeld varsel om endringar, overtaking og sluttoppgjør, slik at dei unngår å kome i ansvar. Deltakarane skal bli kjende med dei ulike byggblankettane og når desse skal brukast.
Kursinnhald:
Kurset gir ei gjennomgang av Bustadoppføringslova, Håndverktjenestelova og kontraktane som følgjer med, inkludert følgjande emner:
- Entreprenøren sine ytingar
- Overtaking
- Manglar
- Reklamasjon
- Krav mot bakre ledd
- Forbrukaren sine ytingar
Det er særleg fokus på kontraktane som Standard Norge har utvikla i samband med innføringa av Bustadoppføringslova.
Kursleiar er Anne-Lovise Alisøy fra SANDS Advokatfirma.
Pris inkl. lunsj: kr 4500,- for medlem av EBA/BNL/BYGGOPP, kr 5500,- for andre
Påmeldingsfrist: 02. februar 2024
Påmelding: Via nettside, se skjema til høyre, eller e-post til torhild.holgersen@ebav.no
Husk å inkludere ● Bedrift ● Navn ● E-post ● Telefonnummer ● Prosjektnummer ● i e-posten ved påmelding!
Påmelding
Påmeldingsfrist: 02. Feb