Gruppebilde tomrere low Her er gruppa med nye fagarbeidarar i tømrarfaget som fekk fagbreva sine på samlinga til Byggopp Vestland i Førde. Til venstre Rolf Årdal, områdeleiar i Vestland fylkeskommune og Hans Martin Moxnes, direktør i EBA Vestenfjelske.

Haustens vakraste eventyr i Førde

Publisert: 21/nov./2022

I 2022 er det 70 lærlingar tilknytta opplæringskontoret Byggopp Vestland i område Nord, tidlegare Sogn og Fjordane, som har teke fag- eller sveinebrev. Mange av dei møtte fram og vart heidra på eit arrangement på Sunnfjord Hotel i Førde fredag 18. november.

– Kall det gjerne haustens vakraste eventyr, seier Hans Martin Moxnes som er direktør i Entreprenørforeningen – Bygg og Anlegg, Vestenfjelske avdeling. EBA Vestenfjelske administrerer verksemda i Byggopp Vestland.

– Å sjå dei som no har vorte fagarbeidarar ta imot fag- og sveinebreva sine gjer oss både stolte og glade. Byggenæringa har stor trong for fagfolk, og bedriftene gjer ein framifrå jobb med å gi lærlingane praktisk opplæring i dei ulike faga, understreker Moxnes.

Fagopplæringa skjer i samarbeid mellom skuleverket og bedriftene, med opplæringskontora som bindeledd. Det var områdeleiar i Vestland fylkeskommune, Rolf Årdal, som fekk æra av å dele ut breva på samlinga for mottakarane og representantar for medlemsverksemder i Byggopp Vestland som har gitt dei opplæring.

Rekruttering er jobb nummer ein

Byggopp Vestland er mellom dei største opplæringskontora i byggebransjen i Vestland og har no kontrakt med 480 lærlingar som får opplæring i bedrift. I område Nord er det innan tømrarfaget, betongfaget, asfaltfaget, glasfaget, malarfaget og røyrleggjarfaget.

– Utfordringa vår har ikkje vore å syte for nok læreplassar, men å kunne levere mange nok lærlingar i høve til etterspurnaden i bedriftene. Rekruttering er såleis den aller viktigaste oppgåva vår, held Hans Martin Moxnes fram.

Styresmaktene må ta ansvar

Etter mange gode år for byggenæringa, er marknadsutsiktene no meir usikre. 

– Vi har otte for at stans eller utsetjing av planlagde statlege og kommunale bygge- og anleggsprosjekt i 2023, kan gjere det vanskelegare for verksemdene å ta inn nye lærlingar, når den private marknaden for bustader, hytter og næringsbygg samstundes vert råka av renteoppgang og andre faktorar som bremser på aktiviteten, seier Moxnes. 

– Bransjen kan leve med at nokre prosjekt vert skubba på, men styresmaktene har eit ansvar for å unngå at vi kjem i ein situasjon som riv ned fundamentet for fagopplæringa i by og land. Landet skal framleis byggjast – og til det vi minst like mange nye fagarbeidarar i bygg og anlegg som dei som fekk diploma sine i Førde.