TAF Bjorn Brekkan2 Bjørn Brekkan, ansvarleg for TAF-tilbodet på Knarvik vidaregåande skule.

TAF for dei tøffe

Publisert: 11/juni/2019

- Elevane på TAF-Byggfag er veldig seriøse og flinke. Dei siste åra har jente-andelen auka monaleg, og det er gledeleg at det mellom søkjarane er stadig fleire som har bygg og anlegg som førsteval, seier Bjørn Brekkan (foto), ansvarleg for TAF-tilbodet på Knarvik vidaregåande skule.

Knarvik var den første skulen i landet som starta ei linje med Tekniske og Allmenne Fag (TAF). Linja for Teknikk og industriell produksjon kom i gang i 1992 i samarbeid med FRAMO-bedriftene og Rolls Royce. Deretter kom Elektrofag i 1996, Bygg- og anleggsteknikk i 2000, med EBA Vestenfjelske som fødselshjelpar, og Helse- og sosialfag i 2007. I dag er det seks skuler på Vestlandet som tilbyr TAF-program.

- Med TAF-Byggfag oppnår elevane dobbel kvalifikasjon etter fire år; både fagbrev og studiekompetanse med fordjupning i matematikk og fysikk. Dette gjer linja attraktiv, i tillegg til at dei som kjem inn får kontrakt med ei bedrift og løn frå første dag.

Les nyhetsbrevet med saken i sin helhet her

KURS & ARRANGEMENTER


10
Sep
Samspillskontrakter
· Clarion Hotel Admiral, Bergen
Detaljer »
17
Sep
NS 3420 Beskrivelsestekster
· Scandic Neptun Hotel, Bergen
Detaljer »
24
Sep
Totalentreprenørens krav mot prosjekterende ved prosjekteringsfeil (Entreprise)
· Clarion Hotel Admiral, Bergen
Detaljer »