Guleslettene knuseverk Studentar frå byggingeniør-lina i Førde på befaring på Guleslettene knuseverk. (Foto: Ole Fartein Knutson Kolnes, HVL)

Stabil søking til byggingeniør-lina i Førde

Publisert: 04/mai/2020

I vår avsluttar det andre studentkullet på byggingeniør-lina utdanninga på Høgskulen på Vestlandet sin campus i Førde. Søkinga til lina mellom studentar som skal starte utdanning til hausten er stabil.

– Vi aukar talet på studieplassar frå 25 til 30, og eg reknar med at alle dei vert fylt med kvalifiserte søkjarar, seier Arve Leiknes, leiar for Institutt for Byggfag på HVL. Tilbodet i Førde vert dreve i samarbeid med byggingeniør-studiet høgskulen har i Bergen. I Førde er prosjekt- og byggeleiing valt som hovudsatsing i studiet. Tilbodet omfattar også dei som kjem Y-vegen, det vil seie med fagbrev i staden for studiespesialisering frå vidaregåande skule.

I det samordna opptaket i år var det i alt 54 søkjarar til utdanninga i Førde, mot 56 i fjor. Mellom søkjarane er det 14 frå vidaregåande skule som har tilbodet i Førde som førsteval og 40 i kategorien Y-vegen og tresemestersordninga.

Opptakskravet til alle ingeniørutdanningane er generell studiekompetanse med fordjupning i realfag (R1, R2 og FYS1). Men dei som har yrkeskompetanse eller relevant fag-/sveinebrev kan ta eit eittårig forkurs med realfaga. Det er også tilbod om fordjupning i realfag for dei med generell studiekompetanse utan desse faga, eller som har eksamen frå to-årig teknisk fagskule. Denne såkalla tresemestersordninga gjer det såleis mogleg for dei med studiespesialiserande utan R1, R2 og FYS1, å ta ingeniørstudiet på tre år – på same måte som Y-vegen.

Byggingeniør-lina i Førde starta opp hausten 2016 med EBA Vestenfjelske og MEF som viktige fødselshjelparar. – Vi er glade for at dette utdanningstilbodet no er vel etablert, seier direktør Hans Martin Moxnes i EBA Vestenfjelske. – For entreprenørane i regionen er tilgongen på kvalifiserte ingeniørar av stor verdi. På Campus Førde gjer dei en god jobb både for studentar som kjem frå vidaregående skule og dei med fagbrev eller utdanning frå teknisk fagskule, understrekar han.