Nils Arne Odegard Dagleg leiar i Byggopp Sogn og Fjordane, Nils Arne Ødegård: - Satsinga på betongfaget gjev resultat. (Foto: Byggopp Sogn og Fjordane).

Satsing på betongfaget er i ferd med å gje resultat!

Publisert: 28/aug./2017

Mellom entreprenørverksemdene i Sogn og Fjordane er det stor trong på fagarbeidarar i betongfaget. Problemet har vore tilgang på elevar frå dei vidaregåande skulane som ynskjer lærekontrakt i dette faget. Men no er trenden i ferd med å snu. – Satsinga på å auke interessa for betongfaget gjev resultat, seier dagleg leiar i Byggopp Sogn og Fjordane, Nils Arne Ødegård.

Byggopp Sogn og Fjordane er opplæringskontoret for faga innan bygg- og anleggsteknikk i fylket. Hovudoppgåva er å teikne lærekontraktar med elevar som har teke vidaregåande utdanning i desse faga, og å fylgje opp lærlingane medan dei får praktisk opplæring på ein byggjeplass. Undervegs vert dei kursa og førebudd til fagprøva som avsluttar utdanninga.

- Totalt har vi no ansvar for 177 lærlingar i fylket, mot 167 på same tid i fjor. Heile auken har kome i betongfaget. Samanlikna med i fjor haust har talet på lærlingkontraktar i dette faget auka mest i prosent, fortel Ødegård. Dei fleste lærlingane kjem direkte frå ein av dei fem vidaregåande skulane som tilbyr utdanning i bygg- og anleggsteknikk, men Byggopp har og eldre lærlingar som har jobba eller «droppa ut» etter skulen.

Framleis er det flest elevar som ynskjer lærekontrakt i tømrarfaget. I Byggopp Sogn og Fjordane er det om lag 160 verksemder som har godkjenning som opplæringsbedrift, dei fleste innan tømrarfaget.

– Vi lukkast med å dekke etterspurnaden etter lærlingar til dette faget sjølv om vi har ein liten nedgang dette året. Dei større entreprenørane treng likevel langt fleire folk som kan verte fagarbeidarar innan betong og forskaling enn vi kan gje tilbod om. Difor har vi jobba spesielt med å informere om innhaldet i dette faget, og om framtidsutsikta med omsyn til arbeid og inntekt. Ein nyutdanna betongfagarbeidar tenar svært godt, og tek han eller ho arbeid på eit anlegg er løna spesielt god. 

Byggopp Sogn og Fjordane Tilsette3

Byggopp Sogn og Fjordane har med fire tilsette ansvar for 177 lærlingar i fylket. Frå venstre Håkon Svoen, Tron Ivar Søvde, Nils Arne Ødegård og Per Eivind Gurvin. (Foto: Byggopp Sogn og Fjordane).

Godt samarbeid med fylkeskommunen

Nils Arne Ødegård seier at samarbeidet med fylkeskommunen og skulane for å leggje til rette for auka rekruttering til betongfaget er svært godt.

– Dei har teke grep for å gje eit best mogleg tilbod i faget med  kompetente lærarar. Det hjelp og at lærlingar får kome inn på skulane og fortelje om kvardagen på ein byggjeplass. I Yrkes-NM i fjor var to lærlingar frå Sogn og Fjordane på sigerspallen. Vi fekk sølv både i tømrarfaget og betongfaget og deira forteljingar var inspirerande for dei som i vår skulle gjere sine faglege val for VG2. Vi har derfor stor tru på at framgangen med omsyn til rekruttering til betongfaget vil fortsetje i 2018 og framover, seier leiaren for Byggopp i Sogn og Fjordane.