Jannis Tetenborg og Gert Augustsson Ute Jannis Tetenborg (19) og Gert Augustsson (49) er klare for jobb hos ein byggmeister eller entreprenør. (Foto: Byggopp Sogn og Fjordane).

- Klar for ein skikkeleg start på livet!

Publisert: 19/sep./2017

- No er eg klar for ein skikkeleg start på livet, seier Jannis Tetenborg. 19-åringen frå Førde har ikkje vore i fast arbeid, men har no fått sjansen til å lære det han treng om betongfaget for å verte hjelpearbeidar hos ein byggmeister eller entreprenør. – Eg gler meg til å kunne stå opp om morgonen og gjere nytte for meg.

Jannis har saman med ni andre langtidsledige dei fire siste vekene hatt Førde Tekniske Fagskule som base for opplæring i forskaling og betong. Takka vere eit banebrytande samarbeid mellom NAV og Byggopp Sogn og Fjordane får dei moglegheiten til å kvalifisere seg for arbeidsmarknaden.

Har handplukka motiverte kandidatar
- Den viktigaste oppgåva for oss i Byggopp er å fylgje opp til saman 177 lærlingar i Sogn og Fjordane. Men entreprenørane i fylket skrik etter folk som kan gjere ein jobb i betongfaget. Då skulle det berre mangle at ikkje vi som jobbar med rekruttering til bransjen stiller opp med vår kompetanse for å få dei som vil i stand til å gjere ein innsats, seier dagleg leiar for Byggopp Sogn og Fjordane, Nils Arne Ødegård.

- Det nye med dette tiltaket er at vi saman med Byggopp har intervjua vel 20 kandidatar og plukka ut dei ti vi meiner har best føresetnader og motivasjon for å jobbe på ein byggjeplass, seier Arne Varden, rådgjevar i marknadsteamet for Sunnfjord og Høyanger i NAV Flora. – Dei fleste har bakgrunn frå industrien, men har vore ledige lenge mellom anna som fylgje av nedturen i olje- og gassnæringa.

Takksam for å få ein sjanse
Mellom dei er Gert Augustsson. 49-åringen frå Sverige jobba hos Fundo Wheels i Høyanger frå 1986 fram til konkursen i 2009. Året etter starta han som overflatebehandlar offshore, men mista jobben i 2015. Etter det har han hatt nokre småjobbar, men det meste av tida har han vore ledig.

- Aller helst ynskjer eg meg tilbake til Nordsjøen, men eg er veldig takksam for at NAV og Byggopp gjer det mogleg for meg å kunne ta jobb i bygg og anlegg. Eg voner berre nokon vil ha meg når kurset er ferdig. Det er mykje betre å ha noko å gjere enn ingenting!

Teori og praktisk trening
- Det har vore meir matematikk på kurset enn eg trudde på førehand, og som eg trong tid på å forstå. Men eg trur eg skal klare meg greit i ein jobbsituasjon, seier Jannis, og Gert nikkar samtykkjande.

Opplæringskonsulent Tron Ivar Søvde i Byggopp Sogn og Fjordane har leia kurset i betongfag. Forutan teoretisk innføring og praktisk trening i forskaling, armering og handtering av betong, har HMS vore ein viktig del av opplæringa. – Vi har óg vore på besøk i fleire verksemder og ute på byggjeplassar for å sjå og lære om korleis arbeid med å lage forskaling og støype betong vert gjort i praksis.

For å lese artikkelen på Firda.no klikker du her.