Iselin NRK Tatt fra NRK-sak

Iselin gjekk på kurs og fekk ny jobb

Publisert: 19/mai/2022

Då 30 år gamle Iselin Alfheim frå Os i Bjørnafjorden ikkje kunne jobbe i helse lenger tok ho eit kurs i bygg og anlegg for å bli møbelsnikkar. Kurset vart arrangert av EBA Vestenfjelske i samarbeid med opplæringskontoret Byggopp Vestland. Berre ti dagar inn i praksisen fekk ho tilbod om fast jobb i Vestlandske Heiltremøblar på Søfteland, fortel ho til NRK.

– Bygg- og anleggsnæringa treng mykje arbeidskraft, seier Hans Martin Moxnes, direktør i EBA Vestenfjelske. – Vi er glade for at kurs-tilbodet til bransjen og NAV gjer at folk som av ulike årsakar står utanfori arbeidslivet får ein sjanse. 

Moxnes viser til at verksemder over heile landet slit med å få tak i folk. I fylgje NAV manglar det no arbeidskraft som tilsvarar meir enn 70.000 personar.

Les sakene på NRK og Bygg.no.